Dei siste åra har norske aviser merka ein nedgang på papir, medan dei digitale plattformane er i ferd med å styrke seg. Denne trenden ser ut til å forsterke seg i dei nye tala.
Første halvår i år hadde den samla lesinga av norske papiraviser ein tilbakegang på 10 prosent, samanlikna med same periode i fjor. Samtidig hadde nettavisene ein vekst på kanappe fire prosent, medan lesinga på mobil er stabil. Det viser lesertala, som er ein del av Forbruker & Media-undersøkinga.
Tøffe tider
Den siste veka har det kome fleire meldingar om kutt i norske avishus. I Aftenposten skal 40 årsverk bort. Medan den eldste avisa i Norge, Adresseavisen, skal kutte mellom 60 og 75 årsverk dei neste åra. Totalt skal Polaris Media, som Adresseavisen er ein del av, spare 300 millionar kroner.
Grunnen til dei harde tidene i mediehusa er at lesinga av papiraviser fell, og med det også annonseinntektene. Samtidig som den digitale veksten ikkje er stor nok til å demme opp for denne lekkasjen.
Norsk innhald
Åtte av ti nordmenn over 12 år les ifølge undersøkinga nyheiter anten på papir, nett eller mobil. Det synest Mediebedriftenes landsforening, MBL, er gledeleg.
– Tala viser at norsk journalistikk framleis står sterkt. Papirlesinga held fram med å falle, men det vi ser også at nett og mobil held seg. Det viser at lesarane vil ha norsk innhald, seier administrerande direktør i MBL, Randi S. Øgrey.
Aftenposten er den største papiravisa i Norge. VG er det største mediehuset når ein slår saman lesing av publiseringsplattformane.
Взято отсюда